Forsiden

:HØYRING: Høyringssvar til framlegg om mva-ordning for publisering av multimedialt innhald

  • Momsfritaket bør vere knytt til innhaldet, det vil seie redaktørstyrte nyhets- og aktualitetsprodukt, heller enn til formatet som tekst, stillbilete, video og lyd.

Finansdepartementet har sendt på høyring forslag om utvida høve for elektroniske aviser til å ha innhald i form av lyd og levande bilete.

 

Oslo Business Memo (OBM) er ei redaksjonell og journalistisk publiseringsverksemd som også driv multimedial innovasjon innanfor journalistikken. Dei siste tre åra har vi mellom anna jobba med å utvikle eit journalistisk, redaktørstyrt videomagasin der hovuddelen av innhaldet består av dokumentar- og dybdejournalistikk innanfor områder som i liten grad vert dekka av riks-, lokal- og fagpresse. Planen er å få inntekter gjennom brukarbetaling. Eit av måla med prosjektet har vore å finne nye inntektskjelder for mindre publikasjonar i ei tid med stadig mindre inntekter frå tradisjonell annonsering og abonnement. Sidan mva-fritaket for digitale medium vart fjerna frå nyttår, har vi vore nøydde til å utsetje ein planlagt lansering av videomagasinet og avvente situasjonen med tanke på at ein ny mva-ordning for digitalt og multimedialt innhald blir klar.

 

OBM meiner at Finansdepartementet sitt forslag om utvida høve for elektroniske aviser til å ha innhald i form av lyd og levande bilete ikkje rettar opp den store feilen som vart gjort då momsfriktaket for redaktørstyrt nyheits- og aktualitetspublisering til abonnementar vart fjerna. OBM meiner at momsfritaket bør vere knytt til innhaldet, det vil seie redaktørstyrte nyhets- og aktualitetsprodukt, heller enn til format som tekst, stillbilete, video og lyd. Momsfriktaket må vere plattformnøytralt for å sikre tilstrekkeleg rom for innovasjon og utvikling av framtidas nyheits- og aktualitetsprodukt.

 

OBM meiner at momsfritak for elektroniske nyheitstenester er kritisk viktig for redaksjonar for å evne å bere digital produksjon og levere brukarane levande bilete, lyd og digital grafikk. Formidlinga av journalistikk bør baserast på utvikling i brukarvanar og teknologisk utvikling, uavhengig av om det er tekst- og biletebasert, eller i kva grad det vært nytta video og lyd. Dette vil sikre større fridom og støtte til redaktørstyrte medium, slik som OBM sitt videomagasin, i den digitale utviklinga og følge brukarane sine preferansar.

 

OBM har som ein digital publikasjon, med små økonomiske musklar, vore skeptiske til den foreslåtte endringa, då vi meiner det vil medføre vanskar med ikkje minst rekneskapsføring i tråd med framlegget. Noko som óg er tilfellet særleg for mindre redaksjonar innanfor lokal- og fagpresse. Vi viser til framlegget frå Mediebedriftene, med eit mva-fritak som bør gjelde for elektroniske nyheits- og aktualitetstenester som er særleg retta mot eit norsk publikum eller norske forhold.

 

Vi meiner at plattformnøytralitet er den einaste måten å innrette dagens mediestøtte på, og at momsfriktaket har vore avgjerande for mediemangfaldet i Norge. Vi meiner behovet for omstilling bør prioriterast når ny politikk blir utforma, slik at også mindre oppstartsprosjekt får utvikle seg og at avgiftsmessige rammevilkår ikkje hindrar nødvendig omstilling og utvikling. Vi støttar høyringsuttalelsane til Norsk redaktørforening, Mediebedriftene og Fagpressen og at vi får eit plattformnøytralt mva-fritak for publisering av norsk redaktørstyrt journalistikk, slik det tidlegare har vore.

 

Volda / Oslo 31. juli 2023

 

Magne S. Otterdal

Ansvarleg redaktør

Oslo Business Memo