Forsiden

:HØYRING: "Det er ei stort paradoks at det vert nytta betydelege beløp på ei digital oppgradering, berre for at det skal føre til eit stort steg tilbake for meir offentlegheit. "

  • Kva er problema med at endå fleire saker kan bli opplyste i eit endå betre digitalt system?

Justisdepartementet fremla vinteren 2023 forslag til endring i Offentleglova, med den konsekvens at innsynet i offentlig forvaltning begrenses.  OBMs redaktør har sendt denne høringsuttalelsen 5. juli 2023.

Som ansvarleg redaktør i OBM protesterer eg med dette på framlegget til endringar i Offentleglova, eit framlegg som i praksis kraftig vil avgrense vår evne til å bidra til meir openheit gjennom å følgje postjournalen i det journalistiske arbeidet. Eg sluttar meg til Fagpressens eigen høyringsuttale, der det vert fastslått at framlegget står i sterk motsetnad til den overordna og grunnlovsfesta målsetjinga om å leggje til rette for størst mogleg grad av openheit mellom forvaltninga og innbyggjarane. 

I løpet av mi 45 år lange journalistiske karriere har innsyn i offentlege dokument vore ein viktig del av arbeidet, heilt frå den tida eg nytta pressekontoret i regjeringskvartalet til å bla i dei fysiske journalpermane, til dagens innsyns som kan utførast digitalt. Samtidig har eg òg betydeleg bakgrunn og erfaring frå journalistikk innan den digitale utviklinga i denne perioden. Så langt eg kan sjå, er kjernegrunngjevinga for endringsframlegget "innføring av nytt arkiv- og saksbehandlingssystem for departementa" og at det med dette vil bli journalført "eit større tal organinterne dokument enn i dag." 

Mitt spørsmål er: Kva er problema med at endå fleire saker kan bli opplyste i eit endå betre digitalt system? Det er eit stort paradoks at det vert nytta betydelege beløp på ei digital oppgradering, berre for at det skal føre til eit stort steg tilbake for meir offentlegheit. 

Det står òg i sterk motsetnad til korleis tidlegare revideringar og evalueringar av offentleglova har hatt som mål å auke innbyggjarane sin innsynsrett i forvaltninga, og at det heile tida har vore lovgjevaren sin klåre intensjon å ytterlegare betre openheita. Dette for å oppfylle Grunnlova sine prinsipp om den opplyste offentlege samtalen. 

Folkevalde og forvaltning skal ikkje kunne ta avgjerder på folket sine vegne i lukka rom. Lovframlegget vi no har fått, vil i praksis legge til rette for å skape rom utan innsyn i avgjerdsprosessane. Eg meiner at det står i strid med stort sett alt som har vore lagt inn i arbeidet med Offentleglova i alle tidlegare fasar, der ein har ønska, argumentert og jobba for meir innsyn og mest mogleg opne avgjerdsprosessar. 

Oslo Business Memo er ein av dei 242 redaktørstyrte medlemmane i Fagpressen, og vi som mange av medlemmene med små ressursar jobbar med journalistikk innan arbeidsliv, næringsliv og økonomi, der innsyn i offentlege dokument ofte er avgjerande element i jakta på fakta. 

Vi støttar høyringsfråsegnene i saka frå Fagpressen og alle andre presseorganisasjonar. Framlegget om å endre offentleglova vil skape vanskelegare arbeidsforhold for journalistar som nyttar innsynsretten som eit viktig verktøy for å lage journalistikk. Norsk Redaktørforening har òg påpeika at det føreliggjande lovendringsframlegget er i strid med utredningsinstruksen. 

Oslo Business Memo stiller seg bak kravet om at det framlagde lovframlegget bør trekkjast tilbake. 

  • Magne Otterdal er ansvarleg redaktør i Oslo Business Memo.