Forsiden

/ arbeid / Tusenvis av meldingar om alvorlege brot på dyrevelferd blir lagt bort utan tilsyn

/ arbeid / Tusenvis av meldingar om alvorlege brot på dyrevelferd blir lagt bort utan tilsyn

43 prosent av 5.309 sterke bekymringsmeldingar vart avslutta utan noka form for oppfølging. I sin eigen statistikk forklarar Mattilsynet bortlegginga med «manglande ressursar». Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK

MATTILSYNET KLARER IKKJE FØLGJE OPP: 5309 alvorlege dyrevelferdssaker i fjor – berre 16 prosent fekk inspeksjon

Heidi Molstad Andresen

I 2024 fekk Mattilsynet over 13.000 bekymringsmeldingar om dyr. Nær halvparten av dei sterkaste meldingane vart lagde bort utan noka form for oppfølging.

– Talet på sterke meldingar tyder på at behovet er langt større enn det me klarer å dekkje. Me veit dessverre at det til kvar tid er alvorlege saker me ikkje har ressursar til å følgje opp, og skulle gjerne ha følgt opp langt fleire, seier Nina Brogeland Laache, som er seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet, til Nynorsk pressekontor.

1. nestleiar i Norges Bondelag, Bodhild Fjelltveit, seier tala klart viser at Mattilsynet har for lite ressursar. – Me har spelt inn til statsbudsjettet fleire år på rad at Mattilsynet må få meir midlar for å kunne utøve rolla si. Foto: Norges Bondelag

Hittil upubliserte tal syner at Mattilsynet i 2024 tok imot 13.393 bekymringsmeldingar om dyr. Ved utgangen av januar i år hadde dei gjennomgått 98,5 prosent av meldingane. 61 prosent vart vurderte som relevante og med god informasjon og til å vera innanfor ansvarsområdet til tilsynet. Meldingane gjaldt både husdyr og kjæledyr.

Av dei relevante meldingane vart 5.309 meldingar i tillegg vurderte som sterke og sendt vidare til ulike avdelingar for oppfølging. Ei «sterk melding» er ifølgje Laache meldingar dei har vurdert som truverdige og som skildrar forhold som gir grunn til å mistenkje alvorlege brot på dyrevelferdsregelverket.

Manglande ressursar

Om vurderinga er korrekt, viser seg likevel først om Mattilsynet følgjer opp saka. Det gjer dei på langt nær i alle tilfella.

I praksis vart heile 43 prosent av dei 5.309 sterke sakene i fjor avslutta utan noka form for vidare oppfølging.

I sin eigen statistikk kategoriserer Mattilsynet bortlegginga med forklaringa «manglande ressursar».

Overfor NPK peikar Nina Brogeland Laache på at tilsynet jobbar og prioriterer mellom oppgåver innanfor dei rammene Stortinget set:

– Me gjer vårt ytste for å utnytte ressursane ved å spisse innsatsen og prioritere tilsyn der risikoen for dårleg dyrevelferd og regelbrot er størst. Me jobbar også heile tida med å utvikle system og nye tilsynsmetodar som kan gi like god eller betre effekt av den offentlege kontrollen.

– Må prioritere

I praksis vart berre 16 prosent av dei sterke sakene følgde opp med inspeksjon i fjor.

– Me må prioritere. Der det er formålstenleg med inspeksjon, vel me det. Men me kan også følgje opp ved å kontakte dyrehaldaren på telefon eller undersøkje saka på andre måtar.

– Oppfølging av alvorlege dyrevelferdssaker krev ofte meir ressursar og tid per dyrehald med gjentekne tilsyn og tett oppfølging. Desse sakene slepper vi ikkje tak i før vi ser ei varig betring i dyrevelferda eller at dyrehaldet er avvikla. Mattilsynets innsats for dyrevelferda kan altså ikkje åleine målast i talet på tilsyn vi gjennomfører, understrekar Laache i ein e-post.

– Me veit at det dessverre til kvar tid er alvorlege saker som me ikkje har ressursar til å følgje opp, seier Nina Brogeland Laache i Mattilsynet. Foto: Mattilsynet

Ho peiker i tillegg på at tilsynet også jobbar meir førebyggjande med dyrevelferd ved å rettleie og auke kompetansen hjå både dyreeigarane og befolkninga generelt.

– Éin-til-éin-tilsyn er ikkje nødvendigvis den einaste måten å oppnå betre dyrevelferd på. Det er også viktig å hugse på at det er dyrehaldaren som har ansvaret for dyrevelferda. Me kan alltid gjere meir med meir ressursar, men same kor mykje Mattilsynet får, vil det ikkje vere mogleg eller formålstenleg å følgje opp alle bekymringsmeldingar med tilsyn.

NPK har stilt landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) fleire spørsmål om kva han tenkjer om alle dei sterke meldingane som blir lagde bort og ressurssituasjonen i Mattilsynet. Departementet opplyser at Sandtrøen er på reise og førebels ikkje er tilgjengeleg for kommentar.

Bondelaget: – Viktig at det blir ført kontroll

– Me treng eit sterkt Mattilsyn, og desse tala viser klart at Mattilsynet har for lite ressursar. Me har spelt inn til statsbudsjettet fleire år på rad at Mattilsynet må få meir midlar for å kunne utøve rolla si, seier 1. nestleiar i Norges Bondelag, Bodhild Fjelltveit, til NPK.

– Me har eit strengt regelverk for dyrehald her i landet, og det er viktig at det blir ført kontroll med korleis regelverket blir overhalde. Då må styresmaktene også følgje opp med midlar. (©NPK)