Forsiden
30.01.2025 16:25
Senterpartiet går ut av regjeringa som følgje av usemja med Arbeidarpartiet om direktiva i EUs energipakke. Partiet meiner samtidig det er naturleg at Støre held fram som statsminister.
– Då eg hadde møte med statsministeren i stad, og han kunngjorde at Arbeidarpartiet meiner at dei bør gå vidare med å knytte oss tettare til EUs energimarknad, så er konklusjonen for min del at det vil ikkje Senterpartiet vere med på, sa Vedum då han møtte pressa torsdag ettermiddag.
– Senterpartiets klare haldning er at det er feil for Noreg å gå vidare i den retninga. Vi må ta tilbake meir nasjonal kontroll. Og vi må ikkje gi meir makt til EU-systemet.
Kort tid i førevegen heldt Sp eit gruppemøte på Stortinget. NTBs reporter på staden melder om at det var full applaus inne på gruppemøtet, der det var venta at partiet formelt ville vedta regjeringsbrotet.
Senterpartiets åtte statsrådar går dermed no ut av regjeringa.
Parlamentarisk leiar i Sp Marit Arnstad seier at det er naturleg at Jonas Gahr Støre (Ap) held fram som statsminister.
– Vi har meldt til Jonas Gahr Støre at vi synest det naturleg at han held fram som statsminister
– Vi kjem til å vere eit sakleg og konstruktivt opposisjonsparti, men vi kjem til å vere heilt tydeleg at vi ønskjer ei endring i straum- og energipolitikken seier Arnstad.
Ho seier at fleire vart overraska over at Arbeidarpartiet la saka på regjeringas bord.
– Vi har vore klare i haldninga vår heilt sidan juni i fjor at vi ser denne pakken som ein heilskap, vi ønskjer ikkje å dele den opp bitvis, slik at vi skal akseptere bit for bit, sa ho.
– Vi ser på fjerde marknadsenergipakke som ein heilskap, og vi vart veldig overraska då Arbeidarpartiet la fram pakken til avgjerd i regjering.
Bakgrunnen for brotet mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet er den såkalla Rein energi-pakken frå EU. Den vart vedteken i EU i 2019. Tre av dei åtte rettsaktene i pakken vart tekne opp til behandling i regjeringa førre veke: fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og eit direktiv for energisparing i bygg.
Senterpartiet har vore heilt tydelege på at partiet ikkje kan sitje i ei regjering som innlemmar energipakken i norsk lov.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og energiminister Terje Aasland (Ap) har på si side vore tydelege på at det er nødvendig å innføre direktiva for å få unna etterslepet. EU har vist utolmod overfor Noreg og har i klare ordelag sagt at ein forventar at direktiva blir innførte.
Noreg får no ei svekt regjering, men med akkurat same politikk som før, meiner Høgre-leiar Erna Solberg.
– Støres prosjekt var ei fleirtalsregjering av Ap, SV og Sp. No er situasjonen at han truleg må samarbeide med Raudt, SV, MDG og Sp for å ha håp om å samle fleirtal etter valet, meiner ho.
Frp-leiar Sylvi Listhaug seier ho knapt kan hugse ei verre regjering enn Ap/Sp-regjeringa, men støttar Sps EU-krav.
– Eit Senterparti som no går i opposisjon endrar ikkje realitetane. Vedum er framleis garantisten for at Jonas Gahr Støre held fram som statsminister med ein totalt feilslått politikk i Noreg, seier Listhaug.
Etter tre år er denne tilbakeskodande regjeringa ferdig, og det er bra for Noreg, seier Venstre-leiar Guri Melby.
– Det er veldig bra for Noregs tryggleik og norsk næringsliv at Støre no har stått på sitt og ikkje late seg presse til å setje EØS-avtalen i spel, seier Venstreleiaren i ein kommentar til at Sp går ut av regjeringa.
– Noregs rykte som ein truverdig partnar slår sprekkar i Europa. Viss Sp hadde fått viljen sin, ville Noregs forhold til Europa vorte alvorleg svekt i ei tid der både handelskrig og autoritære regime truar norske interesser, seier ho.
– Etter tre år er denne tilbakeskodande regjeringa ferdig, og det er bra for Noreg. Støre kan no få eit solid fleirtal på Stortinget for å gjennomføre direktiva som Sp er mot, seier Melby.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) skryter av samarbeidet med Senterpartiet, og seier han ikkje ønska at Senterpartiet skulle trekkje seg frå regjeringa.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møtte pressa ved 15-tida torsdag etter at det vart kjent at Sp trekkjer seg frå regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet.
– Dette er ikkje ein utgang eg hadde ønskt meg, sa Støre.
Bakgrunnen for krangelen mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet er den såkalla Ren energi-pakken frå EU.
– Det er gode saker, saker Noreg er for og som vi bør innføre etter norske interesser. Verken meir eller mindre, sa Støre.
– Det vi har lagt på bordet var ikkje nok til at Senterpartiet ønskte å bli verande i regjering.
Senterpartiet har vore tydelege på at partiet ikkje kan sitje i ei regjering som innlemmar energipakken i norsk lov, medan Ap på si side vore tydelege på at det er nødvendig å innføre direktiva
Statsministeren seier han har vore tydeleg på at Sp skulle halde fram i regjering. Han seier samarbeidet og vennskapen i regjeringa har vore sterk.
– Og vennskapen og samarbeidet mitt med Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har betydd og betyr framleis mykje for meg. Vi har jobba godt og tett saman sidan regjeringa vart danna hausten 2021.