Forsiden

:UT AV BYEN: Har teke sentrumshandelen attende

  • #utavbyenopplevelse – Vi har køyrt litt lenger denne gongen. Heilt til Langesund, denne idylliske småbyen heilt på grensa til Ytre Oslofjord i Bamble Telemark.  Her har koronapandemien medført eit oppsving for handel og vandel.
 

Frå Oslo sentrum tek det to og ein halv timar å køyre til Langesund. Sidan vi kjenner godt Dag Harald Yngland som saman med Anna-Karin Hopen driv Langesund Landhandel, er det hyggeleg å stoppe på veg til eksempelvis Arendalsuka i byrjinga av august kvart år.  Det vart ikkje noko av Arendal i år, så da drog i avgarde frå hovedstaden eins erend til Langesund ein laurdag i september.

Vel framme er det marknadsdag og fullt av folk i den ellers så lavmelte småbyen med rundt 5500 sjeler i Bamble kommune i ytterste grensa av det ein kan kalle Osloregionen.  Langesund er jo geografisk plassert ved grensa til Ytre Oslofjord.

Yngland fortel at butikkane i byen etter nedstenginga i mars 2020 søkte om å få nytte gatene til marknadsplass. Det fekk dei lov til av kommunen, og dermed blei det torghandel for alle penga. Torghandelen skaut fart for fullt  i mai, og no har det vore fem månader med hektisk marknadsaktivitet kvar einaste laurdag. 

Då sprett det opp rundt 30 handelsboder på torget, i tillegg til at butikkane i byen har flytta varene ut på gata. Unge, og ikkje minst eldre, strøymer til. Den eldre garden kosar seg med kaffi og kaker ute i friluft, noko dei tykkjer er betre enn dei store kjøpesentra, som elles byr på møteplass og kafé for den målgruppa.

– Dei fem månadene med laurdagsmarknad har snudd krisa til noko positivt, er omkvedet i kystbyen grensande til Ytre Oslofjord.  Leiar for Solkystens handelsforening, Gunn Hegge er godt nøgd med den nye trenden som koronaen har bidrege til. Ho seier det er god plass for både butikkar og publikum, og det er en fin måte å kome saman på.

Vi får vite at det i løpet av sommarhalvåret har vore ein god del tusen besøkende innom og handla med lokale produsentar av ulike produkt, varer, matvarer og tenester. Dette er som i gamle dagar, er omkvedet.

Og handelstradisjonane tilbake til dei verkeleg gamle dagane er solide. Byen vart etablert i 1837 etter å ha vore såkalla ladested sidan 1765, med ein fleire hundre år gammal historie som tollstad og den største utskipningshamna for trelast og der til høyrande tunge skipsfartstradisjonar.  Skipsbygging var ei stor næring med Langesund Mek.

I nyare tid er Langesund kjend som kultur- og festivalstad, noko som koronaen i år har sett ein effektiv stoppar for. Både Bob Dylan og a-ha har vore der, det har også Leonard Cohen, Little Richard og B.B. King, Turboneger, Toto og Elton John - alle har vore på Wrightegaarden ifølge Wikipedia. Kvart år plar Posgirobygget spela der. 

Torghandelen denne spesielle pandemisommaren har dempa saknet etter det yrande festivallivet. Når koronaen er over, vil nok torghandelen halde fram i godt samspel med festivalane og konsertane.

Ein finn også vinylplater inne på Langesund Landhandel, som Dag Yngland her dokumenterer. Foto: Magne S. Otterdal.

Musikkfrelste kan i mellomtida finne noko i platebunken som ein finn midt i lokalet inne på Langesund Landhandel, der det også på vanlege dager kan inntakast mat basert på råvarer frå lokale leverandørar.

Det er triveleg å være på besøk nokre timar i Langesund.

  • Fotonote: Dag Harald Yngland har lang fartstid som journalist og korrespondent frå Berlin, bl.a. for TV2, Dagens Nærigsliv og OBM.  Etter heimkomst til Norge og Stathelle har han nokre år vore lokalpolitikar for Venstre, og driv altså no med landhandleri i Langesund.