Forsiden

:UT AV BYEN: Audiovisuell duo brukar industrilokalitetar som lerret

  • #utavbyenopplevelse Å ta inn ein installasjon om tematikken rennande vatn i ein tidlegare vassdreven fabrikklokalitet.  Det er verd å ta turen ut av byen for å gjere nettopp det.
   
  • Kvar:  Fossekleiva Kultursenter 
  • Kva: “Som vann” – Audiovisuell installasjon av Mugetuft duo. 
  • På laurdagstur: Magne S. Otterdal 

 

Den andre laurdagen i september dreg vi til Fossekleiva kultursenter.  Ein dryg times køyretur til Svelvik, enten via E18 til Sande eller via Drammen og Svelvik. 

Fossekleiva er ein stad som for hundre år sidan var ein blomstrande industri- og arbeidsplass, men som nå er transformert til ein like blomstrande lokalitet for ei rad kunstnariske og kreative verksemder. 

Det er gjerne noko ekstra som skal til for å trigge oss ut på tur.  Denne gongen er det Mugetuft duo med Tellef Øgrim og Peter Knudsen i samband med at dei åpnar den audiovisuelle installasjonen “Som vann”.  Altså ein svært god grunn til å ta turen til Fossekleiva denne laurdagen.  

Vi veit ikkje om det er bevisst med Mugetufts konsept å utøve kunsten på gamle industri- og næringslokalitetar. Men i løpet av det knappe tiåret duoen har halde på, har dei utført sine gjerningar på ei rad slike lokalitetar. Vi har for nokre år sidan sett dei i aksjon på gamle Akers Meks murfasade som er noverande Aker Brygge.  Dei har vore på Oset der betongkonstruksjonane i hovudstadens vassverk ved utløpet av Maridalsvatnet vart lerret og konsertrom.  Likeeins har Mugetuft utfordra dei store silokonstruksjonane på Slemmestad med kunsten sin. I tillegg til fleire prosjekt i Fossekleiva kultursenter dei siste åra. I 2019 stod Mugetuft bak lyden og videoprojeksjonane i sommarutstillinga “MØNSTER”. 

Veveriet Berger og Fossekleven fabrik vart etablert i 1880 av bergensaren Jens J. Jebsen.  Han hadde planar om å ekspandere veveriverksemda til Austlandet. Planen var å etablere fabrikk ved Akerselva i Oslo.  Men på veg over frå Bergen i 1879 overnatta han på garden Berger mellom Sande og Svelvik.  Der budde ei enke som ville selje garden og vassrettane.  Jebsen slo til, og året etter starta industriverksemda i Fossekleiva.  Etter kvart sysselsette tekstilfabrikken rundt 300 arbeidarar. Verksemda heldt det gåande til 2003. 

Den audiovisuelle duoen Mugetuft har funne seg vel til rette i det tidlegare industrianlegget, lokalisert i ei stor grop i landskapet i lia ovanfor innløpet til Drammensfjorden.  Installasjonen “Som vann” beskriv kunstnarduoen som “stedsspesifikk”.  Og med rette tenkjer vi at installasjonen ikkje kan takast inn andre stader enn nettopp i Fossekleiva Kultursenter.  Å ta inn heile verket krev merksemd i 15 minutt. 

Publikum kan bevege seg rundt inne i verket. Video blir projisert på tre tekstilveggar, kvar på rundt fire ganger seks meter midt lokalet. Lydkomposisjonar blir sendt over ei rad høgtalarar plassert rundt i verket.  På golvet inne i verket kan det sjå ut som det er rennande vatn.  Denne delen av installasjonen er faktisk er ei direktesending frå eit goprokamera montert ute over bekken som renn mellom murbygga på Fossekleiva Kultursenter.

Vi tenkjer at Mugetuft-duoen snart må få sette opp installasjon på ei plattform i Nordsjøen eller på ein vindturbin.

Dette var ei god oppleving og ein fin laurdagstur “Ut av byen” i september.  Du kan gjære det same laurdagar og søndagar i perioden 13. til 27. September 2020. 

  • Sjå meir informasjon her. 
  • Fotnote: Omtalte musiker og audiokunstner Tellef Øgrim er også journalist og bidragsyter i Oslo Business Memo.